El-sertifikat

El-sertifikat er ei støtteordning for fornybar straum. Straumkundane finansierer ordninga over straumrekninga.
Stortinget vedtok sommaren 2011 Lov om el-sertifikat. El-sertifikat vert innført i Noreg frå 1. januar 2012. Målet er auka produksjon av fornybar straum.

Kvifor el-sertifikat?

Noreg og Sverige har inngått ein avtalen om å starta ein felles marknad for el-sertifikat frå 2012-2035. Dette gjer landa for å fremja utbygginga av til saman 26,4 TWh fornybar energi. Alle nye produsentar av fornybar energi, som vasskraft, vindkraft og bioenergi, kan få selja slike  . El-sertifikata vert omsett i ein marknad og vert ei ekstra inntektskjelde for produsentar av fornybar energi, i tillegg til straumprisen. På denne måten vert utbygging av ny ”grønn” kraft stimulert.

Verda trenger meir straum produsert frå fornybare energikjelder som vatn, vind, sol og bioenergi. Fornybar straum kan erstatta straum produsert frå olje, gass og kull, som fører til klimautslipp.

Straum kan brukast som energibærer på område der me i dag brukar olje og gass. Elektriske bilar er eit døme på det. Skal elbilar føre til reduserte CO2-utslipp, må straumen produserast frå fornybare energikjelder.

Ny teknologi gjer at mange europeiske land byggar ut vindkraft. Norsk vasskraft kan gi stabil straumforsyning når det ikkje bles. Ikkje eingang i vasskraftlandet Noreg er all straumen fornybar. I periodar med lite nedbør må me importa straum frå utlandet.

Meir fornybar straum vil også gi Noreg ein endå betre og meir stabil kraftforsyning, og leggja forhalda til rette for at kraftkrevjande industri kan vidareutviklast.

Kven er kjøparar?

Det er kraftomsetnadsselskapa som er pålagt å kjøpa el-sertifikat på vegne av forbrukarar som betalar forbruksavgift på elektrisitet. Dette gjeld alle hushaldninger, unntatt dei som i dag har fritak frå elavgift.  Vanlege hushaldnings- og bedriftskundar skal ikkje sjølv kjøpa el-sertifikat. Istaden vert dette inkludert i straumprisen, slik at kraftleverandør kjøper el-sertifikata.

Stortinget vedtok sommaren 2011 Lov om el-sertifikat. Denne loven gjer at kraftprodusentar som investerer i fornybar energi, kan få el-sertifikat, El-sertifikata kan seljast, og vert altså ein ekstra inntektskjelde for produsentane i tillegg til straumprisen. El-sertifikata gjer det meir lønnsamt å investera i produksjonen av fornybar straum, og bidrar derfor til å at måla om meir fornybar straum kan nåast.   

Når kraftleverandørane vidarefakturera el-sertifikatkostnadene til kundane sine, skal kostnader som føl av el-sertifikatplikta verta inkludert i prisen ved fastpris- og variable kontraktar, og i påslaget ved spotpriskontraktar.

El-sertifikat vert altså innført for å stimulera til auka produksjon av fornybar straum. Straumkundane finansierer ordninga gjennom at kraftleverandøren legg el-sertifikatkostnaden inn i straumprisen.

Kva må du betala?

El-sertifikatkostnadene dine vert fastsett av kor mykje straum du brukar, og korleis prisen på el-sertifikat utviklar seg. El-sertifikata vert omsett på ein ope marknad der tilbod og etterspørsel fastset prisen.

Sverige har hatt el-sertifikat sidan 2003, og Noreg og Sverige vil utgjera en felles el-sertifikatmarknad. Basert på el-sertifikatprisen i Sverige dei siste åra, kan du forventa at el-sertifikata vil auka straumutgiftene dine med omtrent 0,75 øre per kWh i 2012.

Straumforbruket finn du på straumrekninga frå kraftleverandøren din, eller rekninga frå nettselskapet ditt. Prisen på el-sertifikat vil variera, ettersom dei vert omsett i ein marknad. El-sertifikatsystemet har fungert i Sverige sidan 2003. Basert på prisanslag derfrå kan det forventast at ein normal hushaldning må betala ca 0.8-1 øre/kWh i 2012, eller cirka 150-200 kroner for året. Det er likevel vanskeleg å seia kva priskonsekvensane vert på sikt, fordi den auka kraftproduksjonen kan føra til eit overskot av elektrisitet, noko som igjen kan pressa straumprisane ned.

El-sertifikatkostnadene vil stiga fram mot 2020, for deretter å avta til ordninga vert avvikla i 2035. Kor mykje den årlege el-sertifikatkostnaden vert for straumkundane, har samanheng med korleis prisen på el-sertifikata utviklar seg.

Vil du vite meir?

NVE forvaltar el-sertifikatordninga i Noreg, og vil publisera relevant informasjon på nettsidene sine.

NVE har laga ein informasjonsfilm, som du finn her >>>