Straumpris har gått ned
15. mars vart Bømlo ein del av eit nytt prisområde for sal av kraft. Området, som er kalla NO5, omfattar nordvestelege Rogaland, vestlege Hordaland og delar av Sogn og Fjordane.
I samband med oppretting av dette nye prisområdet vart det spådd ei kraftig auke i kraftprisane, men så langt har desse spådommane ikkje slått til.
Mandag 15. mars, då det nye prisområdet for straum vart innført, var spotprisen oppe i 50,5 øre. Tysdag 23. mars var prisen 41,87 øre. Derved er prisen no omlag på samme nivå som Oslo, og er kommen under prisnivået som var i januar.
Det noverande prisnivået kan ha samanheng med at det no er mildare ver, og at det er venta ein del nedbør. Generelt er straumprisane i heile landet mykje lågare no enn prisnivået for omlag tre veker sidan. Likevel meinar Statkraft at det fortsatt er ein stram kraftsituasjon og ønskjer ikkje heilt å avblåsa den prismessige krisen.

